Søk i denne bloggen

tirsdag 5. april 2022

Ein bisarr episode ?

Innlegg i avisa Dag og Tid , april 2022

Einar-Arne Drivenes

Professor emeritus 


                                                 


Historie eller førestillingar om historia (minnehistorie) blir ofte brukt for 

å legitimere krig. Ein måte å gjere det på, er å setje Historia i revers, slik Andreas Skaartveit 

formulerer det i Dag og Tid nr 13. Han har også funne eit norsk eksempel: striden om Aust-

Grønland mellom Danmark og Noreg frå 1921 til 1933. «Det heile vart berre ein bisarr 

episode i norsk historie», hevdar Skaartveit. Er det slik? 

Konflikten blei utløyst då Danmark utvida sin suverenitet frå å omfatte dei bebudde delane av Vest-Grønland til å gjelde heile Grønland, noko dei meinte den norske utanriksministeren munnleg hadde godtatt. Dette vekte sterke reaksjonar i Noreg. Etter kvart kom det mest til å dreie seg om nasjonale kjensler provoserte fram av den historiske uretten mange meinte var begått, då Noreg mista bilanda sine i vest. I ei bisetning i Kieltraktaten i 1814, gjekk mellom anna Grønland tapt. Usemja om suvereniteten var ikke løyst då saka spissa seg til i 1931.

For å setje regjeringa under press for å få fortgang i saka, okkuperte ei gruppe norske aktivistar eit område på austkysten i juni 1931, og kalla det Erik Raudes land. Det førte til ei valdsam mobilisering og press på regjeringa for å foreta ein statleg okkupasjon, noko  som fann stad den 10. juli. Dagen etter gjekk den danske regjeringa til sak ved Domstolen i Haag. I 1933 fall domen, Noreg vann ikkje fram på eit einaste punkt. 

Frå norsk side blei det argumentert langs tre aksar; folkerett, økonomi og historie. Det blei det aldri kravd full revers: norsk suverenitet over heile Grønland. Det prinsipale norske standpunktet var at områda utanfor dei danske områda på vestkysten skulle betraktas som «terra nullius», herrelaust land.

Dei fleste norske historikarar har i ettertid dømt det som skjedde, nådelaust. Jens Arup Seip hevdar at ein gjeng ishavsimperialistar «drev landet inn i internasjonale forviklinger på en måte som knapt noen av de statsmenn som virret omkring hadde ønsket”. 

Det er ein dom prega av etterpåklokskapens arroganse. Han ser heilt bort frå den breie mobiliseringa, det dreidde seg ikkje berre om ein gjeng aksjonister. Dei fleste norske folkerettsekspertar på den tida meinte at Noreg hadde rett til å gå til okkupasjon. Og mange historikarar meinte at også historia var på norsk side. Dei historiske og nasjonale argumenta var avgjerande for den folkelege mobiliseringa. Historiske og nasjonale grunnar var truleg også viktige då kong Haakon engasjerte seg i saka. Lenge før striden blussa opp i Noreg, hadde han tatt spørsmålet opp med far sin, Fredrik VIII av Danmark. Alt i 1906 skal han ha sagt noko slikt til faren: «Nu har Norge i 1905 havt sit opgjør med Sverige, Nu kommer utvilsomt Norge til at ville have et Opgjör med Danmark om Bilandene særlig Grønland. Nu burde Danmark tage Initiativet og tilskynde et saadant Opgjør, ...” (adv. Per Ryghs dagbok).

Nokon «bisarr episode i norsk historie« var Grønlandssaka ikkje, så langt derifrå.

 

 

 

 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar